Bjelkelag

L. Hjertnes AS lagar bjelkelag etter kunden sine behov, og stadig fleire av våre kundar bestiller bjelkelag saman med takstolar og precut til veggar. Bjelkelag vert spesialtilpassa huset der alle vekslingar og hakk for evt. skjult bering er med. Berevegger under er merka der kvar bjelke skal liggje.

Me leverer følgjande typar bjelkelag
– Heiltre opp til 298 mm
– Splitta limtre
– Gitterbjelkar
– Masonite I-bjelkar (lagerfører H250, H300, HB300, H350, H400)

Dersom kunden ynsker skjult ventilasjon vert bjelkelaget levert med hol for ventilasjonskanalar.
Bjelkelagsplan med 3D bilete som viser korleis det skal monterast gjev enkel montering på byggjeplassen. L.Hjertnes AS leverer òg splitta limtre dersom kunden ynsker det.

Bjelkelag
Bjelkelag for skjult ventilasjon

Bjelkelag zoom

Gitterbjelkar med skjult HEB
Gitterbjelkar med skjult HEB

spesialgitterbjelkar for tak med lite fall med ferdig gesims
Spesialgitterbjelkar for tak med lite fall med ferdig gesims

Leveringstid på bjelkelag vil vere avhengig av sesong.