Takstolar

L. Hjertnes AS leverer det du treng av trekonstruksjonar. Bruk av prefabrikkerte takstolar er oftast den mest økonomiske og rasjonelle måten å byggje takverk på.  Det gjev i tillegg auka bereevne, fleksible løysingar, raskare montering og auka presisjon. Ein god dialog mellom kunden og våre erfarne konstruktørar gjer det mogleg å løyse dei fleste utfordringar i prosjekteringsfasen. Takstolteikningar og takplan vert utarbeida i samsvar med gjeldande forskrifter og spesifikasjonar for deg som kunde. Teikne- og dimensjoneringsprogrammet me nyttar gjev mellom anna 3D utsnitt som gjev eit godt bilete av korleis takstolane vil sjå ut på bygget. Me sender teikningane i elektronisk PDF-format, og gjer det mogeleg for kunden å sjå gjennom desse i virtuell 3D.

Loftromstakstolar med ark og vinkelbygg
Loftromstakstolar med ark og vinkelbygg

A-takstolar med valm
A-takstolar med valm

Mansaltak med ark og precut veggar
Mansaltak med ark og precut veggar

W-takstolar med valm
W-takstolar med valm og precut veggar

W-takstol som er klargjort for ventilasjon på varm side
W-takstol som er klargjort for ventilasjon på varm side

Leveringstid på takstolar vil vere avhengig av sesong.